Det er ein masse ting eg kan gjere for å bli betre i nynorsk, og eg er veldig sikker på at eg trenger å bli det. Eg kan gjere det på den kjedelege måten, å pugge alle verba, substantiva, korleis dei bøyast og å pugge ord generelt. Dette synast eg er veldig kjedeleg, men det er ikkje den einaste måten å lære nynorsk på. Å lese ei bok som er skrivi på nynorsk er ei god trening for meg. Det å skrive nynorske tekster og få tilbakemelding, er ein fin måte å lære meir nynorsk på. Da kan du sjå på feila du gjorde, og passe på at du ikkje gjer dei same feila neste gong du skriv ei tekst.
Det er også smart å gjere oppgåver. Viss eg slitar med verbbøying, kan det vere lurt å gjere nokre oppgåver som inneber å øve på verbbøying.
Ein treng ikkje bare gjere skriftelige oppgåver for å bli betre i nynorsk. Den språklege delen er også kanskje litt viktig. Samtalen treng ikkje vere så lang, men bare så man får snakka litt på nynorsk.